mandag 6. september 2010

Dei gamle kvinnene

Av Åse Marie Nesse

Sterkare enn alle
er dei gamle kvinnene
dei kan bere sju vaksne søner
på strakt hjarta
løfte opp ein fallen sjømann
me sine krokete fingrar
falla i bøn

og utan å klage
kan dei vake under vekta av
ein gjennomsnitts småby
med blytunge sorger
som søv

Sterkare enn alt i verden
er dei gamle kvinnene
dei lever av luft og einsemd
riv av kalenderen med stor ro
og greier nesten
å overvinne døden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts with Thumbnails